OM GARDEN

Nordbotten i Botnane

Nordbotten er delt opp i 7 bruk. Oppigarden er folkenamnet på tunet på bruk 2 som denne heimesida omfattar. Alle bruk hadde sine eigne namn som vart brukt i daglegtale. Støylen, Mekja, Sletta og Bøen er døme på andre namn i Nordbotten.

Mekja som ligg på andre sida av Støylen er andre halvparten av bruk nr 2. Rune og Elisabeth med barna Bolette, Birthe og Karen bur i Oppigarden. Runes foreldre bur i kårhuset nede i Håjen.

Garden har i dag mjølk som hovudproduksjon. 100 tonn mjølk og 3 tonn kjøtt vert produsert årleg.
Vi har også 3 sauer som skal halde kulturlandskapet på fuglereservatet på Vengane i hevd.

Både folk og dyr skal ha det godt. Difor er kyrne, både store og små ute i sommarhalvåret.
Så snart det er nok mat slepp dei ut. Sjølv mølkjekyrne går ute dag og natt, er berre inn for å mjølkast. Dei minste kalvane må ha litt kraftfor når dei er ute.

Det er eit dagleg gjeremål som turistar, som ynskjer det, kan få være med på. Denne daglege kontakten gjer at kalvane vert veldig folkekjære. Ettersom været er skiftane mellom sol og regn, storm og stille har vi sett opp nokre uthus som dei yngste dyra kan gå inn og ut av som dei vil.
I tillegg til eige bruk leiger vi fleire nabobruk. Slik er det vorte i heile landet
og er ein del av grunnlaget for å kunne ha eit levedykig landbruk.

Likevel er dette småbruk sett i større samanheng. Jorda er morenejord frå devonsk sandstein.
I utgongspunktet næringsfattig, men ger god avling om den for nok vatn og gjødsel.

Her har budd folk lenge og var eit av dei første områda som vart isfrie for 10000-12000
år sidan. Spor etter steinalderfolk og gravrøysar frå bronsealderen vitnar om gardens aktivitet i lange tider. Alt område på garden har vore i bruk, då dyra beita i skog og fjell.

Ved til matlaging og oppvarming vart henta i skogen og frakta lange vegar til gards.
Fiske på sjøen har historisk sett vore livgrunnlaget, men fiskarbonden vert sjeldnare og sjeldnare i dag.Hjorten har eit kjerneområde i bygda og såleis er det gode sjansar å få oppleve den på nært hald året rundt ved vitjing på garden.

Den er ein viktig ressurs som har vore hausta til matauk. No kan i tillegg andre få ta del i jakta ved utleige til guida jakt eller delta på jaktlaget som er felles i Nordbotten. Vi er deltakar i Grøfjell utmarkslag og såleis sel vi småvilt jakt på eit større område på høgfjellet (over 400 m) på heile halvøya.

Ca 40.000 dekar. Sel også fiskekort til eit 50 tals små og mellom store vatn på fjellområde. Har også båt til leige for fiske på sjøen. Den er først og fremst knytta opp til utleige av hytta. Det er ein 22 fot stor gavlbåt med diselmotor sabb. Fin til fisking. Kan ellers leige ut kantelen for dei som har lyst å ro litt.