Fiske

Auren er stor og fin i nokre av vatna, medan andre stader er det meir småfisk, men der kan ein nærast garantere fisk på kroken og for mange er det viktig å få fisk og gjerne mange fisk. Auren på 200-300 g er jo kjempe god nysteikt over bål eller primus. Dersom nokon ynskjer tilrettelagt tur med guide kan det avtalast særskilt. Vi lagar prispakke for den einkelte etter trong. Prisar, sjå eiga side.

Fiske på hav/sjø ligg det godt til rette for. Leiger ut ein 22 fot gavlbåt med dieselmotor med 10hk.
Gjestane som har fiska til no er godt nøgd med fangst og båt. Det er mogeleg å få mange ulike fiskeslag i Frøysjøen. Kan også fiske frå stranda fleire stader med gode resultat. Er du interessert i fiske eller jakt er det berre å ta kontakt og vi vil hjelpe til med å gje deg gode opplevingar.