Jakt

Jaktterrenget er variert frå innmark ved havnivå til skog og fjell. Bratte lier til slakkare fjell og skogsterreng. Utsikta sør, vest og nord mot havet er ein godbit i seg sjølv. Austover reiser høgfjellet seg majestetisk med dei karakteristiske devonske fjellhyllene og Ålfotbremassivet.

På fjellet er det høve til fiske i mange små og mellomstore fjellvatn og småviltjakt (aure, rype og hare).