Hjort

Hjortejakta er ein viktig rekreasjonsfaktor og matauk i område. Dei fleste grunneigarar
jakta på dette lettbeinte og spreke dyret. Det er ei stor oppleving å få sjå den på nært hald. Særleg mektig vert det ein oktober kveld eller morgon når storhjorten brøler i kamp om å få rettane til kolla og framtida sin tilvekst. Det er vert å få med seg.

Her kan vi gje tilbod om hjortesafari for den som ynskjer det. Det tilbodet gjeld heile året,
men brunst kampen er toppopplevinga. Hjorten kan ein oppleve å møte heile året, men jaktsesongen er frå 10.09 og fram til jul for tida. Det er høve til å ta kontakt om nokon ynskjer å være med på jakt eller delta på jakta som skyttar i lag med jaktlaget, eller verte guida på jakt der ein legg til rette for at du skal få ein best mogeleg jaktoppleving. Her vil prisar være litt ulikt alt etter kva ein ynskjer av jakt og jaktoppleving.

Etter nærare kontakt syr vi saman ein pakke som er tilpassa kvar einkelt. Det vil også være avgrensa tal på kor mange som kan få delta då ein har ein kvote av hjorteløyve å halde seg til. Dess tidlegare ute ein er, dess større sjanse å få delta.